Hopp til innhold
Faktasjekk

Nye bedrifter skapar 60.000 arbeidsplassar i året, hevda han

Vi sjekka påstanden til Venstres nestleiar Terje Breivik.

Venstres landsmøte.

GRÜNDERGLAD: Skapar nye bedrifter like mange arbeidsplassar som tre Statoil? Venstres nestleiar Terje Breivik hevda dette. Her er han på Venstres landsmøte i Ålesund.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

  • Norges største selskap, Statoil, har 21.000 tilsette.
  • Skapar nystarta bedrifter verkeleg nok arbeidsplassar til å fylle opp tre Statoil kvart år?

Eit nytt forslag lagt fram i revidert nasjonalbudsjett for 2017 skal gje dei som tør å putte pengar i gründerselskap, skattelette.

Venstre har vore pådrivar for denne saka. I Politisk kvarter 15. mai stilte partiets nestleiar Terje Breivik til debatt mot SVs Snorre Valen. Breivik er òg Venstres mann i finanskomiteen på Stortinget. Og han har sjølv vore gründer.

Programleiaren og Breivik diskuterte skilnaden på etablerte og nystarta bedrifter. Breivik var samd i at mykje av nyskapinga skjer i etablerte bedrifter.

– Men det er inga sjølvmotseiing i dette, sa Breivik, og la til:

– Det er jo heller ikkje tvil om at nystarta bedrifter genererer fleire titusen nye arbeidsplassar, siste statistikken eg såg, ein 50-60.000 nye arbeidsplassar pr. år.

Påstand

Nystarta bedrifter genererer (...) 50-60.000 nye arbeidsplassar pr. år.

Terje Breivik (V) i Politisk kvarter 15. mai 2017

Stemmer det? Hopp rett til konklusjonen

Terje Breivik i Politisk kvarter

Ingen tvil?

Vi spurde Breivik kor tala hans kom frå. Breivik viste til rapporten “Investeringsincentiver for unge vekstselskaper”, utgjeven av Norsk Venturekapitalforening (NVCA), NHO-organisasjonen Abelia og Foreningen for Innovasjonsselskaper i Norge (FIN).

Formålet med denne rapporten var å fremje argument for å innføre ei skatteinsentivordning for gründerbedrifter lik den regjeringa no har vedtatt.

Rapporten blei skriven av Villeman Vinje i NyAnalyse AS. Vinje jobbar òg som samfunnsøkonom i Civita, og han har vore finanspolitisk rådgjevar for Høgres stortingsgruppe.

Kva viser dette talet?

Vinjes rapport brukte tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Eit forskarteam målte alle arbeidstakarar i nye og opphørte verksemder frå 3. kvartal 2013 til 3. kvartal 2014. I denne perioden blei det skapt 66.642 arbeidsplassar i nye verksemder, ifølgje SSB. Ser ein bort ifrå offentleg forvaltning låg talet omtrent på anslaget til Breivik, noko over 50.000 arbeidsplassar.

– Isolert sett har Breivik rett, seier Helge Næsheim, seniorrådgjevar i SSB og ein av forskarane bak denne jobbundersøkjinga.

Men han legg til:

– I ein debatt om gründerbedrifter og skatteinsentiv blir det ikkje rett å bruke dette talet.

Mette-Marit prøver briller

BRILLANE PÅ: Kronprinsesse Mette-Marit prøvde nyutvikla virtual reality-brillar frå Universitetet i Oslo då ho vitja MaRs Centre i Toronto, Canada i november. Innovasjon Norge jobba for å få norske firma inn i Canada.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Kva er ei verksemd?

For å forstå kvifor, må vi vite korleis SSB skil mellom verksemder og føretak:

Eit føretak kan enkelt forklart innehalde ein eller fleire verksemder. Føretaket kan opprette nye verksemder – og legge ned gamle, medan føretaket består som juridisk eining.

– Lat oss seie at NRK opprettar eit nytt distriktskontor på Hamar, seier Næsheim.

Lat oss vidare tenkje oss at det nye kontoret får tilført ti stillingar, henta frå andre avdelingar i NRK.

– Då vil det i statistikken gå fram at det er oppretta ei ny verksemd på Hamar med ti nytilsette. Men for NRKs del er det inga endring i talet på tilsette, seier Næsheim.

Statistikken Breivik viste til, inkluderer slike «nye» arbeidsplassar. Men den nye ordninga for skattefordelar til gründerbedrifter er ikkje retta mot interne omstruktureringar i etablerte selskap.

BErg Moe og Terje Breivik

LOBBYIST: Gründer og leiar av Gründerklubben, Berg Moe, vitja Terje Breivik på Stortinget 1. juni. Snart skal skattefordelane til investorar bli vedtatt bak desse dørane.

Foto: Christian Lura / NRK

Ein betre statistikk

SSB lagar òg ein annan gründerstatistikk. Den fortel kor mange tilsette det er ved nyttår i føretak som blei etablert i det føregåande kalenderåret.

Dei siste tala blei publisert i 2016 og er altså resultatet av tilsetjingar i nye føretak i 2015. Dei viser at det då vart etablert 60.474 føretak, men desse selskapa genererte berre 15.806 arbeidsplassar.

Året før skapte nyetableringane 20.898 arbeidsplassar i Norge.

– I ein debatt om skatteinsentiv for gründerbedrifter er desse tala riktigare, seier Næsheim.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg brukte talet i god tru, seier Breivik til NRK.

Han seier han ikkje hadde førebudd å bruke talet på 60.000 gründerjobbar.

– Men då eg vart utfordra av programleiaren med ein annan påstand eg stussa på, kom eg på dette talet eg hadde lese, seier Breivik.

Han meiner skatteintensivforslaget er viktig, uansett om det er 15.000 eller 60.000 skapte arbeidsplassar i året.

OPPDATERING:

Etter publisering av denne saka har vi fått mange innspel, mellom anna frå gründerar og analytikarar, som meiner det gjev meir meining å sjå på kva gründerbedriftene genererer av arbeidsplassar over lengre tid, til dømes fem år.

Vi valde å sjekke eitt år gamle bedrifter eller yngre fordi det var desse tala Breivik brukte for å grunngje påstanden.

Viss ein likevel vil rekne på gründerbedrifter opptil fem år, vil bedriftene ha skapt noko fleire arbeidsplasser enn i ettårsfasen, men framleis langt unna 60.000 arbeidsplassar årleg.

Sjå intervjuet med Breivik:

Detektors Fredrik Solvang konfronterer Terje Breivik

Blå skillelinje. Detektor.Grafikk

Vurdering:

Faktasjekken syner at Terje Breivik nyttar dokumentasjon som ikkje er relevant for å vise kor mange arbeidsplassar gründerverksemd fører til. Breiviks tal viser til arbeidsplassar i nye verksemder, noko som i seg sjølv ikkje seier noko om kor mange arbeidsplassar som blir skapt av gründerar. Det riktige ville vore å vise til resultatet av tilsetjingar i nye føretak i føregåande år, og dette talet var i 2016 15.806 arbeidsplassar.

Sannhetsbarometer Detektor- Delvis feil

Vurderinga er gjort av: Nyhetsprogramredaktør Kyrre Nakkim og prosjektredaktør Lars Kristiansen

Blå skillelinje. Detektor.Grafikk

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger