KOMMENTARER

Hvordan kan man vite hvem som bygger luftslott?

Det finnes noen gode råd. 

Pitch Perfect: Når 2000-talet har vist oss at unge drop-outs kan få teknologisk verdsherredømme er det lett å tru på fantastiske historiar. Her er Waleed Ahmed som fekk mykje skryt for si bedrift som til slutt viste seg å vere eit luftslott. FOTO: NTB Scanpix
Pitch Perfect: Når 2000-talet har vist oss at unge drop-outs kan få teknologisk verdsherredømme er det lett å tru på fantastiske historiar. Her er Waleed Ahmed som fekk mykje skryt for si bedrift som til slutt viste seg å vere eit luftslott. FOTO: NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Interne kommentarer: Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.
Publisert

MIN FEED: Ein gong vart eg kontakta av ein gründer med ei god historie. Ei fantastisk historie, den innehaldt miljøvern, teknologi og dessutan var han så ung. Tilbake på kontoret fann eg ingen tal på det han sa. Ikkje så rart, i og for seg. Businessen hans var for det meste i dei arabiske emirat, og eg er ikkje stø på Dubais brønnøysundregister. Eg la alt til sides. Grunna latskap, stress og usikkerhet slumpa eg til å ha eit stolt journalistisk augeblikk. Eg publiserte aldri saka om Waleed Ahmed, gründeren bak Grønt Norge. Selskapet viste seg kort stund etter å vere eit luftslott. Dei hadde ikkje produsert det dei hevda. Likevel hadde det hagla både pengestøtte og mediamerksemd over Ahmed. Historia var jo så god.

Simen Vatne (17) er ein annan som kan by på ei slik god historie. Berre tenåring og allereie seriegründer. På Instagram poserer han med LV-skjerf og bildører som peikar oppover. Han står bak Adsocial, eit selskap som skal kople Some-profilar med annonsørar. VG og NRK har skrive om rikdommmen hans, og Medier24 fulgte denne veka opp med fleire kritiske spørsmål om verdsettinga av selskapet. Kven eigde aksjane og når var det lansering? Dei fekk ikkje gode svar. Det er ikkje rettferdig å samanlikne Vatne med den straffedømte Ahmed. Vatne kan framleis vere den neste Steve Jobs, ungdommen som skal disrupte oss ut av oljeprisfall og skape verdiar herfrå til heimkommunen Meløy.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.